Jølster Aurefest

Arrangementsinformasjon
Default file 1488272145

Jølster Aurefest - Fiskekonkurranse med bil som hovudpremie


Jølster Aurefest har program fredag 9. og laurdag 10. juni.

Det du melder deg på til her er hovudaktiviteten, ein fiskekonkurranse med ein bil i premie. 

Denne konkurransen foregår laurdag 10.juni kl.11:00 til 14:00.

Vil du heller kjøpe ei pakke som også inneheld fest på Thon hotel Jølster - klikk her.


Hovudpremiar

  1. Volvo V40 Cross Country, verdi 371.000,- leveret av Frydenbø Førde.
  2. Robåt, Øien 460-1, verdi 32.500,- levert av Døskeland Bruk.
  3. Robotgrasklippar, Robomow Pro, verdi 7.990,- levert av Felleskjøpet.

Også premie for tyngste fisk (kr 10.000,-), fine uttrekspremiar, og premiar for dei under 18 år.

Volvo V40 Cross Country

Deltakarane konkurerer om å komme nærast mogleg ei på førehand trekt idealvekt, som ligg mellom 100 – 699 gram på ein fisk. Dersom to er like nær vert det trekt kven som er vinnaren.

Du vel sjølv kvar i vatnet du vil fiske. Les meir om alle reglane på nettsida, under konkurransereglar.

Alle må sjekke inn i sekretariatet før konkurransen. Du kan få nokon andre til å sjekke deg inn.


FEST PÅ THON HOTEL JØLSTER

Pakketilbod på fiskekonkurranse og fest - gå hit.

Vestlandsfanden begeistrar framleis sitt publikum. Med tekstar som går an å kjenne seg att i, og med god festfaktor. 

Olav Stedje er kjend og elska av alle. 

Den store overraskinga i år vert det bergenske partybandet Flying Dancing Kings. 

I Bergensområdet er dei kjende for å løyse dansefoten til folk så det held. 

Eller som Odd Nordstoga seier: – Beklagar at eg dansa så mykje. Men eg klara ikkje å late væra.
Van Morrison, Dolly Parton og Justin Timberlake, og mange fleire artistar sine låtar vil fly gjennom lufta.


fiskefestival
fiske
familieaktivitet
konkurranse